Right menu

Foto: Jørgen Lie Furuholth
NORWAN: Stavangers gjesteforfatter fra Afghanistan.

Poesi fra Norwan

 

I fjor høst gjendiktet Odveig Klyve et knippe av gjesteforfatter Norwans dikt. Her kan du lese noen av disse.

 

 

Afghansk kvinne

 

Kven spør kven eg er?

Eg finst ikkje i historiebøkene.

Sjå på det slitne ansiktet mtt

Og dei uttørka tårene i augo mine.

Førenamnet mitt er Afghansk kvinne.

Etternamnet mitt er Halda ut.

 

 

 

Himmelen er ikkje blind!

 

Når nettene er mørke

og det ikkje er lys på himmelen

sit eg i senga av sorg

og les liva dykkar som mørk poesi.

Eg les dei triste hjartekapitla

og gret over kvar side.

Gret.

Gret.

Når nettene er mørke,

når det ikkje finst lys på himmelen

tyder det ikkje at himmelen er blind

Det tyder ikkje at håpet er borte.

Her er gøymde lys,

men

vi overser dei alle.

 

Vi skulle leita etter lyset

og finna det.

Hei, kvinner i landet mitt!

Gråt aldri meir.

Aldri.

Aldri.

La lysa brenna

om natta når de søv.

La det skje.

Endringa vil koma.

Ingen kan stå mot.

Ingen skal oversjå dykk lenger.

Ingen skal såra dykk meir.

I morgon skal livet endrast.

Eg lovar.

 

La lysa brenna.